Tilbod om hogstteknikkurs for ungdom og om skogdagar/temadagar om aptering

Skogeigarlaget kan tilby kurs i hogstteknikk for ungdom og apteringsdagar på rimelege vilkår

Laget har gjennom Sogn og Fjordane Fylkeskommune fått tildelt midlar til rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Midlane skal brukast til 15 timars kurs i hogstteknikk. Kurset stettar kravet til dokumentert opplæring for bruk av motorsag. Prisen på desse kursa er i utgangspunktet 1400 kroner. Etter sponsing sit deltakarane igjen med ein eigendel på 400 kroner for 2 dagars kurs. Kursa vert arrangert lokalt og det er krav om minimum 4 deltakarar. Kursa er berekna for ungdommar, men øvre aldersgrense er ikkje definert. Nedre aldersgrense er 16 år.

For å få til eit kurs kan skogbruksansvarleg i kommune, lokallag eller privatpersonar kalle inn til kurs. Ein treng eit lokale til å skru på sagene og ein skogteig. Kontakt fyrst Arnt Laukeland på tlf 99163200 eller på e-post arnt.laukeland@sfskog.no . Ein kan evt. søkje om å bruke rentemidlar som kommunane disponerer til annonsering. Det beste er å få til kursa på vekedagane. Fyrste mann til mølla gjeld.

Skogeigarlaget har også fått tildelt midlar til 5 temadagar/skogdagar med tema aptering av tømmer. Desse blir fullfinansierte . Kommune/ lokallag avtalar tidspunkt for gjennomføring med Arnt Laukeland og annonserer fagdagen. Her og gjeld prinsippet med førstemann til mølla.