Ingunn har eitt år bak seg som vanleg styremedlem. Ho er 31 år og driv gardsbruk med kjøtproduksjon og skog i Gaular. Ho har skogbruksutdanning frå Ås og har etter det i tillegg til gardsdrifta jobba med undervisning og med konsulentverksemd innanfor skogbruk og næringsutvikling.
Otto Leif Østenstad vart takka av av årsmøteordføraren, etter 10 år i styret, av desse 5 år som styreleiar.
Anders Ljotebø frå Kyrkjebø vart innvald som nytt styremedlem. Jakob Hammer vart attvald som nestleiar i styret.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA
På årsmøtet 23. april vart Ingunn Kjelstad samrøystes vald til ny styreleiar i skogeigarlaget, etter at Otto Leif Østenstad hadde sagt frå seg attval.