Reiseliv er i dag ei av dei største eksportnæringane for Noreg, og i verdssamanheng er reiseliv den mest hurtigveksande næringa. For norsk reiseliv viser trendar at reisande som kjem til Noreg i aukande grad etterspør kultur- og naturbaserte heilskapsprodukt. Frå det å oppleve naturen frå eit bil- eller bussvindauge ønskjer fleire no å ta del i naturbaserte aktivitetar.
Fjord Noreg kåra til verdas beste reisemål
Som kjent kåra National Geographic Traveler Magazine, Fjord Noreg til verdas beste urørte reisemål i 2004.
Eit panel beståande av 200 erfarne reiseekspertar vart spurt om å evaluere dei stadene i verda dei sjølv personlig kjente til og å bruke 6 kriterier for å vurdere 150 ulike destinasjonar. Disse kriteriene var: økologisk og miljøvernmessig kvalitet, sosial og kulturell integritet, kvalitet på historiske bygningar og arkeologiske stader, estetisk tiltrekning, kvalitet på utnytting av turisme, og framtidsutsikter.
Resultat av denne kåringa er ei framifrå marknadsføring for Fjord Noreg og gir oss som vertskap store mulegheiter til å hente meirinntekter. Likevel stiller ein slik omtale høge krav når det gjeld dei reisande sine forventningar til kva vi har å tilby.
Prosjektet Utmarksbasert Reiseliv i Sogn og Fjordane skal stimulere til auka entreprenørskap retta mot utvikling av marknadstilpassa reiselivsprodukt samstundes som at prosjektet skal kople desse produkta til målretta marknads- og salskanalar. Til dette krevst det tett samarbeid og kvalitetssikring i alle ledd i verdikjeden.
Eit hovudmål for prosjektet er at 50 nye produkt skal synleggjerast og marknadsførast i tillegg til etablering av 2 nye fyrtårnbedrifter som skal vere til inspirasjon for andre som ønskjer å utvikle reiselivsprodukt. I Sogn og Fjordane skal prosjektet føre til ein årleg omsetnadsauke på 3,9 mill. kr.
Døme på utmarksbaserte reiselivsprodukt kan vere:
- Hjortejakt/jaktsal med tilleggstenester som t.d. overnatting, tilbreding og matlaging samt kople dette til opplevingar for heile familien
- Orrfugljakt
- Innlandsfiske (primært utvida tilrettelegging)
- Laksefiske med tilleggstenester
- Utmarksmeny
-
Gardsferie med utmarksaktivitetar
- Brevandring/rafting
- Aktivitetar knytt til hest
- Ulike turopplegg med til dømes bær- og sopp plukking
- Safari/naturguiding med den gode historieforteljaren
- Økoturisme
- Tilrettelegging av bruk av naturen for alle
Korleis nå målsetnadene?
Ved å:
· auke grunneigarane si interesse for potensiale som ligg i utmarksbasert reiselivsnæring
· auke kunnskapen om utmarksbaserte reiselivsprodukt mellom andre reiselivsaktørar i Sogn og Fjordane
· betre rammevilkåra for næringa
· auke marknadskunnskapen hos dei ulike aktørane i verdikjeda og sikre ein effektiv
produktpakking og distribusjon
Framdrift i 2006
Sjå eigne sider for prosjektet
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA

Fotos: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Noreg