Bra løyvingar til skogsvegar og taubane

Midlane til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er no fordelte på fylka. Det er disponert 6,9 millionar kroner i tilskott til skogsvegbygging og drift i bratt terreng. I tillegg kjem løyvinga frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune på 1 million kroner til skogsvegar.

 

Samla sett er det godt med midlar disponible til skogsvegbygging. Med tanke på vegutløysing av hogstmodne felt og bestand som vert hogstmodne om nokre år er det stor trong for gode vegplanar som gir rasjonelle vegløysingar tilpassa aktuelle driftsmetodar. Som regel må det til fellesløysingar over fleire eigedomar for å få til gode vegløysingar. Fylkesmannen melder om at det er bra sjansar for finansiering av nye, gode vegprosjekt. Har du aktuelle prosjekt som bør vurderast for tilskott, må du ta kontakt med skogbruksansvarleg i kommunen.

 

Fylkesskogetaten og Skogeigarlaget har drøfta kapasiteten til planlegging og organisering av nye skogsvegar. Med nedskjeringar i skogbruksbemanninga både i kommunane og hjå Fylkesmannen dei siste åra er det konkludert med at vegplanleggingskapasiteten er for liten. Det er aktuelt å arbeide for å få på plass ein ny vegplanleggarstilling, til dømes med Skogeigarlaget som arbeidsgjevar.

 

Fylkesmannen har også fastsett nye tilskottssatsar for drift i bratt terreng. Satsane går opp til 80 kroner pr. m3 for gran og 125 kroner pr. m3 for furu og lauv. Det er dermed rimeleg gode rammevilkår for drift i det bratte terrenget. Men rasjonelle taubanedrifter krev ofte bygging av tilkomstveg til standplass for taubana. For å få løyst ut den hogstmodne skogen i taubaneterrenget dei nærast åra, er det viktig at ein kjem i gong med aktuelle vegplanar så snart som mogleg.