Kulturtid

Våren nærmar seg, og det er på tide å planlegge planting, etterarbeid og anna skogkultur.

Ta kontakt med skogeigarlaget eller med skogoppsynet i kommunen om du treng plantar eller arbeidshjelp. Skogeigarlaget vil også dette året ha tilbod om leigehjelp, med mannskap frå utlandet. Erfaringane med dette har vore gode.

Fylkesmannen, skogselskapet og skogeigarlaget vil dette året prøve å legge grunnlaget for ein større aktivitet innafor forynging og stell av ungskog. Kommunane vil og vere sentrale i dette arbeidet. Aktuelle skogeigarar vil bli kontakta med spørsmål om dei ynskjer utført slikt arbeid og om dei ynskjer hjelp til gjennomføringa.