Det viser seg at meir skogsvegar er ein viktig føresetnad for å ta ut dei store mengdene med planta gran som vil bli hogstmogne i åra framover. Stillinga er finansiert i samarbeid med Fylkesmannen. Det er nokre år sidan vi i Sogn og Fjordane sist hadde skogsvegplanleggar. Vedkomande var då tilsett hos Fylkesmannen medan Lyslo er tilsett hos skogeigarlaget, og med heimekontor i Innvik.
Den nye vegplanleggaren har lang bakgrunn frå praktisk skogbruk gjennom tida som skogreisingsleiar i Årdal i Sogn og som skogbruksleiar i 21 år i Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Ein vegplanleggar må til liks med ein skogbruksleiar finne løysingar i terrenget og ”sjå” trasèar for hogstmaskin/skogsvegar. Ofte er det skogeigarane som har dei beste ideane for ei god vegløysing, så samarbeid med skogeigarane er svært viktig. Iblant er det motstridande meiningar hos skogeigarane i eit fellesprosjekt og då må vegplanleggaren medverke til å finne den beste løysinga på lang sikt. Det er viktig å bygge vegar for framtida og ikkje notida, og då blir det gjerne snakk om bilvegar som kan nyttast av store taubaner/hogstmaskiner/tømmerbilar. Utviklinga går mot meir og meir entreprenør-hogst, og då vil bilvegar vere meir tenlege enn traktorvegar i mange tilfelle, blant anna for å korte ned terrengtransporten og redusere driftsprisen. Vegløysinga blir ofte bestemt av terreng/ skogmengde i området, byggjekostnad og skogeigaren sine val. I mange tilfelle er det billegare å byggje ein felles bilveg over teigane enn at kvar teig har sin ”sikk-sakk-veg”. Vegplanleggaren er ansvarleg for å kome fram til beste totale løysinga til billegaste kostnad, og må vurdere alle trasèar utfrå det. Har du planar om ein skogsveg i teigen/grenda må du gjerne ta kontakt med vegplanleggaren på telefon 991 52 801 for ei synfaring eller vegprat.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA
