Nytt frå planavdelinga

Feltarbeidet i Gulen avslutta

Feltarbeidet i Gulen vart endeleg avslutta denne hausten, etter at det har vore forseinka på grunn av problem med flyfotomaterialet. Dei som har tinga plan reknar vi med vil få desse tilsendt i løpet av ettervinteren.

 

Feios

Som ein del av Kystskogbruket sitt prosjekt i Feios, vil skogeigarlaget taksere dette området i 2011. Området er ferdig fototolka, og markarbeidet vil ta til så snart snøtilhøva tillet det neste vår.

 

Leikanger

Skogeigarlaget tek også sikte på å taksere Leikanger frå sommar/haust neste år. Skogeigarane her vil få tilbod om å tinge plan på nyåret.