her.

">

Oppstart av områdetakst i Gulen

Skogeigarlaget vil i haust starte opp med områdetaksering i Gulen. Skogeigarane får dermed høve til å tinge skogbruksplan for eigedomen sin.

Ting skogbruksplan her.

Skogregistreringane har fleire formål. Dei viktigaste er:

-             Gi grunnlag for å utarbeide skogbruksplanar for skogeigarane.

-             Skaffe fram sumtal til hjelp for områdevise vegplanar, kommunal planlegging og anna.

-             Gi skogeigarane oversyn over miljøverdiar som ein må ta omsyn til for å levere tømmer i samsvar med Levende Skog, standard for berekraftig skogbruk. Miljøregistreringane er eit krav for å levere tømmer til skogeigarlaget.

Staten dekkjer ein stor del av kostnadene med taksten, men det er eit vilkår at det er skogeigarar som tingar skogbruksplan på minimum 50% av arealet som vert taksert.

 

Ein informasjonsbrosjyre i PDF-format finn du her.