Det er avsetning på dei fleste sortiment og treslag, inklusive massevirke av hemlock, douglas og sitka. I nokre distrikt er det avsetning av spesialkvalitetar av furu til gode prisar. Ta kontakt for nærmare opplysningar. Spesielt i Ytre Nordfjord og Indre Sogn er det sannsynleg at skurtømmeret skal kappast til eksport. Dette kan i periodar også vere aktuelt i andre deler av fylket. Det er difor avgjerande at tømmeret vert innmeldt på førehand og at ein avventar tilbakemelding på korleis tømmeret skal kappast og sorterast.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA