Skogeigarlaget prioriterer furu

Med ein tregare marknad på gran ynskjer skogeigarlaget og hovudkjøparen, Sunnfjord Sag, å prioritere mest mogleg furuhogst framover.

Dette gjeld både for eigenhogsten og for driftsapparatet som skogeigarlaget har i arbeid.

Skurtømmerprisane for gran har gått ned både på våren og hausten dette året, medan furuprisane har halde seg betre oppe. Det er difor også relativt mest lønsamt å hogge furu dei nærmaste månadene.

Ta kontakt med skogeigarlaget for innmelding av hogsten, eller om du ynskjer eit tilbod på driftshjelp.