Vi har dei siste par åra hatt ei utvikling der stadig meir av tømmeret vert skipa ut med båt. Samtidig har lastevolumet på båtane auka frå 1.500 m3 til meir enn det dobbelte. For å fylle desse båtane må ein anten samle større kvanta til få kaier eller båten må innom svært mange kaier. Det siste alternativet blir for dyrt, og difor går det meir i retning av at skogeigarlaget vil samle innsatsen til eitt område om gongen. Også for skogsentreprenørane er dette ein fordel, ved at flyttekostnadene vert mindre. Baksida er at det ikkje vil vere tilbod om hogst med entreprenørar over heile fylket til ei kvar tid. Også for eigenhogst kan det bli tidsavgrensa restriksjonar, spesielt i område med få lokale kjøparar.
Ved dette opplegget blir det også i stor grad slik at det blir bestemt prisar for kvar leveranse. Det kan difor bli variasjonar i prisane både geografisk og i kortare tidsintervall enn ein har vore vane med.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA