Gran
Det vert opna for eigenhogst i Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Leverandørar som vil melde inn tømmer kan finne innmeldingsskjema her, eller ringe 57 72 32 80.
Når det gjeld Indre Sogn satsar ein på å få til leveransar frå nyåret. For å få til rasjonell transport frå dette området vil ein som oftast vere avhengig av at det også er aktivitet med entreprenørar i distriktet. Det vil likevel av og til vere opning for einskildleveransar, til lokale kjøparar eller ved at ein får til rasjonelle kombinasjonar på transport. Leverandørar som har behov for å hogge i haust, kan difor ta kontakt med skogeigarlaget så får ein sjå kva som kan gjerast.
Når det gjeld entreprenørane vil dei fyrste delen av hausten vere i arbeid i Sunnfjord-området. Skogeigarlaget har arbeidd med å få til ein eksportleveranse av skurtømmer frå Nordfjord, men har ikkje fått avklaring på det enno. Ein satsar på å få til dette seinare i haust. Dersom du ynskjer eit tilbod på drift av tømmer, kontakt skogsjef Ola H. S. Nygård på tlf. 477 10 310.
Massevirkeprisane for hausten er låge. For bestand av bra kvalitet vert det likevel ein god rotnetto i haust, ved at ein har betre skurtømmerprisar enn på lenge. Det er også ein auke i tilskota, som vil betre økonomien i mange drifter denne hausten (sjå nedanfor).
Andre treslag
Normalt vert det hogge svært lite furu før jul, men vi reknar med å ha avsetning av skurtømmer for dette treslaget i same området som for gran. Massevirket vil ofte vere råd å selje til ved lokalt. Frå slutten av året reknar vi med å ha avtalar for eksport av massevirke ut av fylket. Sunnfjord Sag ynskjer 2.000 m3 furu frå nyttår til påske neste år.
Skogeigarlaget har også avsetning på minimum 200 m3 bjørk til vedproduksjon, levert før mars neste år. Prisen på dette vil vere 370 kr./m3.
Tilskot til drift
For å medverke til å få driftsapparatet i gang igjen har Fylkesmannen auka satsane for taubanedrifter med 15 kroner. Tilskot til manuell felling for hogstmaskin er auka med 10 kroner. Dei nye satsane gjeld frå 1. august og ut året.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA