Skogeigarlaget har inngått avtale med Granvin Bruk om leveransar av ei båtlast med skurtømmer av gran frå Nordfjord. Målsetjinga er å få klart minst 2.500 m3. Siste avreisedato for båten vil vere 1. mars. Dei mest aktuelle kommunane er Gloppen og Eid, men det er også aktuelt med leveransar frå andre kommunar i regionen. Skogeigarlaget vil då satse med entreprenørapparatet i dette distriktet, i fyrste omgang i Gloppen.
Også dei som høgg tømmeret sitt sjølv kan levere til denne båten. Siste frist for å melde tømmeret henteklart vil då vere fredag 19. februar. Hugs også å melde inn tømmeret før hogst. Sidan henteklarfristen er så tidleg, er det viktig å melde inn og kome fort i gang med hogsten.
Granvin Bruk tek gran med dimensjonar heilt opp til 60 cm diameter, så dei som har gammal skog bør nytte høvet til å få avvirka den no. Tømmeret blir levert i eitt sams sortiment, så det blir ikkje skilt på prima og sekunda. Prisen vil likevel variere med dei ulike dimensjonane. Prisen for basisdimensjonen (20 cm topp og 49 cm lengde) vert 350 kr. pr. m3. Dette er 30 kroner over prisen for skurtømmer som gjekk ut med båt sist vinter. Best pris gir lengdene 5,50 og 5,80, med toppdiameter 28-35 cm. Prisen for desse dimensjonane blir over 400 kroner. Tømmeret kan elles kappast fritt i fallande lengder frå 3,70 – 5,80m. Skogeigarar som melder inn tømmer får tilsendt fullstendige kvalitets- og dimensjonskrav.
Massevirkeprisen i denne perioden vil bli 195 kroner for 3m lengder og 205 kroner for 5,5 meters lengder. Dette er ein oppgang på 45 kroner frå i haust.
Det vil også bli satsa på furuhogst i Nordfjord, spesielt i områda nærmast Sunnfjord Sag. Dette treslaget vil i hovudsak gå dit.
Etter kvart vil driftsapparatet bli flytta til Sogn, men det vil truleg vere aktivitet og leveransar i Nordfjord også ein periode etter 1. mars. For skogeigarar i Vik-området kan det vere aktuelt med leveransar på bil til Granvin. Dei som vil hogge slikt tømmer sjølv, kan melde inn til skogeigarlaget og deretter starte hogst allereie frå no av.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA