Opning for gran

Etter å ha fått avtale om eksport til Tyskland, vert det no opna for levering av skurtømmer av gran igjen frå deler av fylket.

Tømmeret vert utskipa frå kaiane i Vadheim, Eid og Gloppen. Mest aktuelle lokallag for levering er Eid/Vågsøy, Vikane, Gloppen, Jølster, Førde, Naustdal, nordsida av Kyrkjebø og Fjærland. Men skogeigarlaget tek også imot innmeldingar frå andre område enn dei som er nemnde over, i påvente av eventuelle andre avsetningskanalar. Tømmeret vert innmålt i berre ei kvalitetsklasse, til ein pris på 320 kr./m3

 

Tømmeret må vere henteklart seinast 2. mars. Denne fristen er absolutt. Skogeigarar som ynskjer å levere gran må sende innmelding eller ta kontakt med skogeigarlaget snarast. Ta også kontakt om du ynskjer hjelp til drift av tømmeret. Hugs å vente på stadfesting frå skogeigarlaget før hogsten vert igangsett. Du får då også informasjon om kappelengder og kvalitetskrav. Minstekvantum skurtømmer til eksport vil vere 35 m3.

 

Det er framleis også god etterspurnad etter furutømmer.