Prisane til leverandør er ikkje endeleg fastsette enno, men vil bli relativt tilfredsstillande for skurtømmer, men dårlegare for massevirke.
Når det gjeld eigenhogsten er ikkje alle ting på plass enno, men denne vil truleg bli regulert noko i høve til kvar entreprenørane har aktiviteten sin. Men det er allereie klart at for nærområdet til Sunnfjord Sag vil det vere kurant å levere både skurtømmer og massevirke. Dette vil truleg gjelde for store deler av Nordfjord også. Sidan skogeigarlaget no er så sterkt nedbemanna vil ein truleg måtte setje opp minstekvantumet for leveransar noko.
Dersom du ynskjer eit tilbod på drift av tømmer, kontakt skogsjef Ola H. S. Nygård. Om du ynskjer å starte tømmerhogst sjølv, kontakt skogeigarlaget .
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA
Etter ein periode med stillstand på våren og sommaren, er skogeigarlaget no i ferd med å inngå avtalar med tømmerkjøparar, som sikrar rikeleg arbeid for alle skogsentreprenørane ut året.