Samanlikna med vinteren 2007 har prisen på gran massevirke og furu sagtømmer auka med 50 kroner, furu massevirke med 30 kroner og gran sagtømmer 20 med kroner. Sitka massevirke har auka med heile 85 kroner. Som følgje av noko uvisse om utviklinga på trelastmarknaden framover, gjeld sagtømmerprisane i fyrste omgang berre ut mars.
Vi har stor etterspurnad etter både sagtømmer og massevirke. Sagtømmeret går til Sunnfjord Sag pluss faste, lokale kundar. Det er grunn til å peike på at furuprisutviklinga frå i fjor er spesielt god i Sogn og Fjordane – og betre enn i andre delar av landet. Vert det forhold i skogen for furu-drift, vil sagtømmerkundane våre setje pris på auka tilførsler.
Når det gjeld Sunnfjord Sag, tek vi med at saga ikkje lenger er kjøpar av utsortert spes.skur eller sitkavirke. Denne vinteren får vi ikkje fast avsetning på sitka til skur. Men prisen på sitka massevirke er oppjustert til same nivå som gran massevirke. Prisauken frå i fjor er på heile 57%. Woodlog er framleis kjøparen av gran og sitka massevirke.
Hugs at all hogst for sal må vere innmeldt til Skogeigarlaget og stadfesta før kapping vert starta opp. Dermed unngår ein feilkapping. Ynskjer du å nytte dei auka tømmerprisane til skogsdrift med leigd hjelp, kan skogbruksleiarane i Skogeigarlaget gi eit tilbod på drifta.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA