Vi reknar med at etter kvart som ein har fått oversyn over skadar på vegnett, bygningar og straumnettet kjem turen til skogen. Vi kjem tilbake til meir informasjon etter kvart, men kan i fyrste omgang opplyse følgjande:
- Det vert ikkje lenger gitt erstatning for stormfelt skog frå Naturskadefondet, slik at berre dei som har teikna stormskadeforsikring vil få dekka tapet.
- Minimum skade som blir dekka av forsikring er at 30% av trea innafor eit område på 2 dekar må vere synleg skadde.
- Dei som er forsikra kan melde frå om skade direkte til forsikringsselskapet Skogbrand. Dette kan gjerast på nettsida http://www.skogbrand.no/ eller på telefon 23 35 65 00.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA