Kor lenge dette kjem til å vare vil avhenge av korleis marknaden for trelast utviklar seg framover. Men i alle høve reknar ein ikkje med å kunne levere meir skurgran i inneverande år. Avsetninga av gran massevirke er derimot grei.
Når det gjeld furu er det framleis god avsetning både for skurtømmer og massevirke, og relativt bra prisar. Så skogeigarlaget vil prioritere slike drifter framover. Ta gjerne kontakt om du har tømmer du ynskjer hjelp til å drive ut.
I denne situasjonen tek skogeigarlaget ikkje imot nye innmeldingar på skurtømmer av gran for inneverande år. For planlagde hogstar neste år vil ein registrere innmeldingar, men hogst må ikkje igangsetjast før ein har fått stadfesting frå skogeigarlaget.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA