Sagbruket måtte innstille all granskur under finanskrisa, og etter det var likviditeten så dårleg at dei ikkje evna å kjøpe nok tømmer til forsvarleg økonomisk drift. Styret i sagbruket har i over eit år arbeidd med å få tilført kapital, utan at dette lukkast i tilstrekkeleg grad.
Skogeigarlaget åtte vel 1/3 av aksjane i sagbruket. I tillegg til aksjekapitalen taper skogeigarlaget eit lite langsiktig lån og om lag ein månads leveranse av tømmer. Samla kjem tapet opp i over 1 mill kr. Sjølv om dette er ein betydeleg sum i høve til eigenkapitalen, vil ikkje tapet rokke ved skogeigarlaget sin eksistens. Det blir heller ingen leverandørar som tapar på tømmerlevering.
Om sagbruket kjem i gang igjen med nye eigarar er det for tidleg å seie noko om. Men skogeigarlaget har pr. i dag god avsetning på all granhogst til andre kjøparar. For furu skurtømmer er marknaden litt meir avgrensa, men her har tilbodet på tømmer også vore lite.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA