Vedtaket kom etter at skogbruksnæringa gjennom kontaktutvalet for skogbruk i fylket har vore i dialog med leiinga i fylkeskommunen om potensialet i næringa på litt sikt og utfordringane med å halde oppe aktiviteten dei 5 fyrste åra, før større mengder gran vert hogstmodne. Skogeigarlaget er svært nøgd med at fylkeskommunen på denne måten vil støtte opp under næringa i overgangsfasen til ordinær drift etter skogreisingsperioden. Mangel på vegutløysing til hogstmodne felt har vore ein flaskehals for avverkingsaktiviteten, spesielt no dei aller siste åra når tilgjengeleg statstilskott til skogsvegar har skrumpa.
Dei fylkeskommunale vegmidlane er tenkt brukt til vegprosjekt som løyser ut mest mogleg hogstmoden skog straks. Primært vil dette som regel gjelde granfelt, men utløysing og avverking av hogstmoden furu er også eit delmål. Midlane er ekstraordinære i forhold til det vanlege statstilskottet som no kanaliserast gjennom kommunane. Dei vil såleis kunne bli brukt til aktuelle anlegg uavhengig av dei køane ein har for skogsvegar som ventar på statstilskott i dei ulike kommunane. Eigarane må binde seg til å utføre eller gjere avtale om skogsdrift straks for å kunne oppnå tilskott frå dei ekstraordinære midlane.
Dei konkrete rutinane og reglane for prioritering av anlegg og bruk av midlane vil bli utarbeidd snarast etter endeleg vedtak i eit samarbeid mellom Fylkeskommunen, Fylkesmannen og kommunane. Skogeigarlaget, med ansvar for tømmeromsetninga og størstedelen av skogsdriftene, vil vere ein nær samarbeidspartnar og medspelar i denne prosessen. Siktemålet er at dei nye midlane skal nyttast raskt og målretta, slik at det kan få effekt for avverkinga på kort sikt.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA
