Ikkje ta sjansar:
Når større område med stormskadd skog skal takast ut, kan det ofte skje svært alvorlege ulukker, i verste fall med dødeleg utgang. Vindfallhogst er eit svært farleg og krevjande arbeid, og bør berre utførast av folk med erfaring og spesiell opplæring i slikt arbeid. Hovudet bør brukast meir enn motorsaga når ein er inne i vindfallfelt.
Kommunane har beredskapsansvar for å organisere kurs i sikker vindfallhogst etter større stormskadar på skog. Kurs kan gjennomførast av Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) med Arnt Laukeland som instruktør. Slike kurs vil bli haldne frå januar og utover vinteren.
Dei som ønskjer slik opplæring tek kontakt med skogansvarleg i eigen kommune. Dette kurset er ei god investering sjølv for dei med solid hogsterfaring.
Hjelp til hogst:
Skogeigarar som ikkje har høve til å ta hand om stormfelt virke i eigen skog, kan kontakte Sogn og Fjordane Skogeigarlag for å få hjelp. Skogeigarlaget vil registrere behov for assistanse og vil i fyrste omgang setje inn innsats i dei områda der skadane er størst.
Inngåtte avtalar med skogeigarlaget om ”normal hogst” vil kanskje måtte bli utsett ei tid med bakgrunn i force majure klausulen i kontraktane. Skogeigarlaget må prioritere skoghygiene og eventuelle tap av virkesverdi i store delar av 2012, framfor å avverke ståande skog. Men det blir også arbeidd med å auke hogstkapasiteten slik at ein kan unngå å utsetja planlagde drifter.
Avsetnad:
Det er per i dag full avsetnad på alle treslag i heile fylket. Men det er svært viktig at skogeigarlaget får innmeldingar om volum så tidleg som mogleg for å sikre avsetnad ut året. Dette arbeidet kan skogeigarlaget hjelpe til med.
Forsikring:
Tidlegare dekka Naturskadefondet meirkostnadar ved utdrift og redusert virkesverdi ved stormskadar i skog. No må kvar enkelt skogeigar forsikre skogarealet sitt i forsikringsselskapet Skogbrand. Dei som ikkje har stormforsikring må forvente reduserte inntekter på grunn av høgare driftskostnadar og redusert virkesverdi. Minstearealet for å utløyse erstatning i forsikra skog er 2 dekar. Innafor dette arealet må minst 30% av trea vere synleg skadde. Skadar kan meldast direkte til Skogbrand.
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA
Orkanen Dagmar påførde 1. og 2. juledag skogen i Sogn og Fjordane store skadar i form av vindfelling. Skadeomfanget er enno ikkje godt nok dokumentert til at ein veit det samla volumet. Men meldingane til no tyder på at deler av Indre Sogn og Indre Nordfjord kan vere hardare ramma enn ved nyttårsorkanen i 1992. Det er i skogreisingsfelt av gran skadane er størst.