Foring av hjort - skal/skal ikkje?

Når vi no for andre år på rad har det som mange vil kalle ein ”skikkeleg” vinter er det mange som stiller seg dette spørsmålet. Både spørsmåla og meiningane er mange kring dette temaet. Noko fasitsvar er det umogeleg å gje, men vi kan no dvele litt kring nokre av problemstillingane.

 

For det første må vi vere klar over at frå naturen si side er det naturleg at vinteren er hard, både for hjortevilt og dei fleste andre dyr. Heilt i tråd med Charles Darwin si lære, so bukkar gjerne dei svakaste og minst tilpassingsdyktige individa under. Desse har dessutan si rolle i økosystemet som mat for mange andre dyr som har sin strie tørn med å kome seg gjennom vinteren. Slik er det i naturen. Vi veit det er slik, men det er ubehageleg å sjå det.

Mange spør seg derfor om ein bør fôre hjorten om vinteren slik at ein unngår at dei bukkar under og døyr. Der er gode argument for det. Kanskje først og fremst av omsyn til dyrevelferd; vi er opptatt av at dyra som vi har omkring oss skal ha det godt og at dei ikkje skal lide. I tillegg er der ressursøkonomiske argument inn i bildet; dyr som døyr i skogen er rett og slett dårleg økonomi for oss. Mat og inntekt går til spille.

På mange måtar kokar dette ned til eit spørsmål om ulike natursyn; Skal vi la naturen styre seg mest mogeleg sjølv, eller skal vi styre naturen i den grad vi kan? Før ein begynner å diskutere detaljar kring fôring eller ikkje fôring, so bør ein ha tenkt over dette litt meir overordna spørsmålet.

Men la oss kome nedatt på landjorda til hjorten att. Om vinteren går hjorten på sparebluss og brukar ikkje meir energi enn den absolutt må. Den vert derfor mindre sky, særleg ved store snømengder, fordi den ikkje vil ta energikostnaden med å flykte unna oss menneske dersom det ikkje er absolutt nødvendig. I tillegg vil den prøve å få tak i mat der det er enklast og minst energikrevjande å finne maten, og det er ofte i nærleiken av oss. Både desse og nokre andre faktorar gjer til at vi vinterstid får hjorten tettare inn på oss enn vi er vande med, i alle fall enkelte vintrar. Det kan som sagt vere eit resultat av hjorten si åtferd, og ikkje nødvendigvis at dei lider.

Fôring av hjort er normalt ikkje skadeleg for hjorten. Ved særs store samlingar av hjort kan det nok føre til eit auka smittepress, men fôringa i seg sjølv er sjeldan skadeleg. Men det er viktig å fôre på riktig måte og med riktig type for. Feil for og feil måte å fôre på vil ha liten eller ingen effekt, og kan i verste fall ha negative følgjer. Ein bør derfor alltid rådføre seg med fagfolk og sette seg inn i temaet før ein eventuelt startar fôring.

Før ein eventuelt startar fôring bør ein og vurdere konsekvensane av det. Dersom ein først har starta, lyt ein halde fram med å fôre til våren og dei første grøne spirane kjem. Då er hjorten over den sokalla ”vårknipa”. Har ein først starta å fôre vil dette og truleg trekke til seg fleire hjort, og fôrbehovet aukar. Det vil derfor kunne gå med ein del meir fôrmengde til hjortefôringa enn ein reknar med idet ein startar. I tillegg vil beitepresset i området rundt fôringsplassen auke, og ein kan få auka skade på skog, frukttre, fôrlager osb. Ein skal ôg vere klar over at hjorten som vert fôra ein vinter, vil truleg møte opp på same plassen og forvente å finne mat der neste vinter og. Etter kvart bør ein derfor vurdere om ein får att for kostnaden til fôringa, eventuelt om ein aksepterer den kostnaden som det medfører.

Ein annan måte ein kan hjelpe hjorten på, er å komme seg til skogs med motorsaga. Både gjennom vedhogst og tømmerhogst får hjorten tilgang til kvist og bark. Dette er hjorten sin naturlege vintermat når snøen ligg djup. Fell gjerne ned rogn, osp og selje og la den ligge til hjorten, der ein kjem over det. I tillegg får hjorten nytte dei vegane vi køyrer opp i djupsnøen, og kan derfor flytte seg over større avstandar utan å bruke for mykje energi.

 

Til slutt, nokre fôringstips:

- Lag ein plan for fôringa på førehand, der det står kor ein skal fôre, korleis det skal gjerast, kva for ein skal bruke, kven som har ansvar osb.

- Fôr som kan nyttast: grovfôr, unge lauv- og furutre, grønsaker og frukt.

- Ikkje fôre nær trafikkert veg, dette vil auke faren for påkøyrsle. Legg heller ikkje fôringsplass slik at hjorten må krysse veg for å komme dit.

- Spreie fôret utover, slik at alle får sleppe til og ete.

 

 

Ha ein fin vinter vidare, anten med eller utan fôring av hjort

 

Alf Erik Røyrvik

Utmarkskonsulent.