Kvart år høyrer ein ulike oppfatningar om korleis utviklinga er i hjortestamma her i ”tjukkaste hjorteland”. Enkelte meiner at veksten i hjortestamma har snudd og at bestanden er på veg ned. Andre meiner at stamma framleis er i sterk vekst. Den eine er gjerne meir skråsikker enn den andre. Slik har ein det gåande, og dette er ikkje noko nytt fenomen.
I år verkar det som om dette med utviklinga i hjortestamma har kome endå meir på dagsorden enn tidlegare. Ein høyrer stadig, både i media og gjennom andre kanalar, utspel om korleis det står til og ikkje minst spådomar om korleis hjortestamma kjem til å utvikle seg framover. Nokre melder om sterk nedgang og lite hjort i sine terreng. Andre igjen har meir hjort enn nokon gong, er ferdig med både kvote og eventuelle ekstraløyver, og framleis er både innmark og utmark fulle av hjort.
Om hjortestamma framleis er i vekst, om den er stabil eller om det eventuelt er ein liten nedgang, kan verken eg eller nokon andre svare på enno. Den første gode indikasjonen på det får vi når fellingstala og ikkje minst sett hjort registreringane for 2010-jakta er klare. Først då får vi brukbare tal på dette, og fram til den tid vert det berre synsing å seie noko om siste års utvikling. Ein må og hugse på at når ein skal vurdere dette må ein ha litt ”is i magen”. Dette på sjåast over tid og over større område. Observasjonar som ein gjer nokre månader på hausten i eit jaktfelt på nokre tusen dekar er ofte eit resultat av tilfeldig variasjon, og ikkje nødvendigvis eit bilde av bestanden totalt sett.
Nokre kjem med dystre spådommar om sterk nedgang og fare for rasering av hjortestamma. Faren for det trur eg er veldig liten. Hjorten her i vest er ikkje akkurat nokon sårbar art, og den har høg produktivitet. Det vil derfor ikkje vere veldig vanskeleg å auke opp att bestanden om ein skulle ønske det.
Til no har vi hatt vekst i hjortestamma totalt sett. Dei fleste stader har ein hatt eit mål om stabilisering av stamma. Enkelte stader har ein hatt mål om reduksjon av hjortebestanden. Om det skulle vise seg at veksten har stoppa opp, betyr det at ein har oppnådd målsetningane sine. Og det er jo positivt. Men som sagt er det vanskeleg å seie noko om enno.
Til slutt vil eg kome med nokre råd til berekraftig, langsiktig og fornuftig hjorteforvalting. Desse råda gjeld uansett om ein vil ha vekst, stabilisering eller reduksjon av bestanden.
- Lag gode og gjennomtenkte bestandsplanar som går over fleire år, med fokus på målsetningar. Stol på desse planane og følg dei so godt som råd gjennom planperioden.
- Bruk sett hjort systemet og andre registreringar aktivt og grundig, dei er det beste grunnlaget vi har.
- Legg hovudtyngda i avskytinga på kalv og ungdyr. Då beskattar ein på ”rentene” i bestanden og sparer på ”kapitalen” (vaksne dyr).
SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA